Drengestua "kunstkollektiv"

Eige lag? Eg kan tilrettelegge kurs etter ynskjer og tek imot booking på kurs for grupper  6- 10 personer (vaksne/born)

Overnatting: Har du behov for overnatting? Valen Ranch har mulighetar for parkering av bobilar. 

Ein har også mulighet for å booke eit av romma på loftet på Drengestua. Her finnes to tomannsrom


Ta kontakt for meir info, spørsmål og svar:)

KONTAKTINFO:

Torill Berger

Mobil: 47888648

Mail: torillberger@outlook.com

Adresse Drengestua: Valen Ranch - Eikeland 151

5451 Valen Kvinnherad

Kjekt vist du vil vara med:) Hilsen Torill

Lyst til å skape, lære kreative uttrykksformer,  uttrykke deg gjennom farge og form, og få være sammen med andre for ein hyggelig og sosial kveld? 

I Drengestua på Valen Ranch lagar Torill i stand for koselige kvelder med diverse teikne og malesaker. 

Er du nyskjerrig på å få prøve ut forskjellige teknikkar innan teikning eller maling? Få utvikle nye eller videreutvikle deg sjølv kunstnerisk gjennom eit sosialt og kreativt fellesskap? Så kanskje du skal melde deg på eit av dei mange kursa som vil dukke opp i Drengestua.

Målet med Drengestua "Kunstkollektiv er å skape ein møteplass for male og teikneglede. Ein stad å finne inspirasjon og dele kunnskap. Ein stad der både meir erfarne og nybegynnarar er velkomne og kan føle seg tilrette.



DIVERSE KURS


Korte kveldskurs for vaksne:

Her vil ein ta føre seg eit medium og ein enkel teknikk. Korleis ein gjennom bruk av denne teknikken kan skaper diverse bilder og motiv. Kurset fokuserar på god stemning og male/teikneglede. 

Passar både for den erfarne og for nybegynnarar

Enkel servering- kaffi/te. Mulighet for å få seg litt bobler i glasset.

Tidsrom Ca 3-4 timar

Pris pr person: 400,-kr


Korte kveldskurs for born/ungdom (11-17år) 

Her vil ein ta føre seg eit medium og ein enkel teknikk. Korleis ein gjennom bruk av denne teknikken kan skaper diverse bilder og motiv. Kurset fokuserar på god stemning og male/teikneglede. 

Passar både for den erfarne og for nybegynnarar.

Tidsrom: ca 3 timar

Pris per person: 400,-


Helgekurs for vaksne: Fredag, laurdag og søndag

Gjennom eit helgekurs går ein meir i dybden på ein bestemt male eller teikneteknikk. Teste, prøve, sjå og lære. Få tid og rom til å utvikle seg sjølv og kjenne på male/teikne glede i eit felles kreativt miljø.

  • Fredag: Litt teori og utprøvingar. Planlegging av hovedmotiv.

  • Laurdag: Skisse og berabeiding med valgt motiv/bilde utprøvingar og studie før ein arbeider med eit bestemt motiv/bilete. 
  • Søndag: Ferdigstilling av bilde. Kva er dei viktige siste lag, strøk? 

Helgekurset vil tilrettelgegge både for den erfarne og nybegynnaren

Enkel servering: kaffi/te litt frukt. Mulighet for å få seg nokre bobler i glasset.

Tidsrom ca 3 timar pr dag

Pris pr person 1200,-kr


Helgekurs for born (11-17år) : Fredag, laurdag og søndag

Gjennom eit helgekurs vil ein gå meir i dybden på ein valgt male eller teikneteknikk, Jobbe med forskjellige utprøvingar, skisser, komposisjon. Oppdage male/teikne glede i eit felles kreativt miljø. 

  • Fredag: Litt teori og utprøvingar. 
  • Laurdag: Skisse og berabeiding av valgt motiv/bilde, utprøvingar og studie før ein arbeider med eit eller fleir motiv/bilete.
  • Søndag: Ferdigstilling av bilder. 

Helgekurset vil tilrettelegge både for den erfarne og nybegynnaren

Tidsrom ca 3 timar pr dag

Pris pr person: 1000,-kr


"Kunstsalong" (vaksne)

Felles malekveld for både den erfarne og for nybegynneren. Her skal det tilrettelegges  tid og rom, for kreativ utfoldelse, male og prate. Dele erfaringer og kunnskap. Hente inspirasjon frå kvarandre. Her er det male og teiknegleden som står i fokus. 

Ein tek sjølv med seg det ein ynskjer å arbeide med, som eige lerret, teikne/malesaker, div papir/annet m.m. Staffelier kan ein få låne vist det trengs. Her er det kun eigen kreativitet som set grenser:) 

Det kan verte lagt opp til eit faglig tema/teknikk på byrjinga av "Salongen" Her kan ein  kome med ønsker og innspel. (ca 30.min)

Vår/sommertid kan "Kunstsalongen" også føregå utandørs.

Enkel servering: Kaffi/te, småkaker, frukt. Mulighet for å eventuelt få seg nokre bobler i glasset.

Tidsrom: 4 timar

Pris pr person: 300,-


Drengestua har begrenset kapasitet og tek imot 6-9 personer pr kurs som føregår innandørs.